Sjøvegen

Sjøvegen

For å komme seg til øya Silda lyt ein sjølvsagt ta sjøvegen. Dersom ein ikkje har tilgang til eigen båt kan ein nytte seg av rutebåten «Øyglimt» som går ruta mellom Silda og Måløy. Tidvis vert det også organisert transport til Silda frå Selje og andre tettstader på fastlandet.

«Alle vegar fører til Rom» er eit kjent omgrep og like gjerne kan ein skrive «Alle sjøvegar førar til Silda». Heilt riktig er det kanskje ikkje, men skal du gå leia nordover så passerer du øya Silda på din seglas. Uansett, skal du komme deg til Silda lyt du nytte sjøvegen. Med ei naturleg hamn på søre Silda med på plass til eit stor antal småbåtar og ei stor hamn innanfor eit moloanlegg på nordre del av Silda ligg alt til rette for at du kan komme sjøvegen. På nordre hamn vart det bygd ei stor fiskerikai på midten av 1970-talet og der kan større fartøy trygt fortøye. Dersom du ikkje har eigen båt er rutebåten «Øyglimt», som går mellom Silda og Måløy eit meget godt alternativ.

  • På nordre hamn på Silda finn du gjestehamna for småbåtar. Ei trygg og lun gjestehamn som gjev deg ly for vind og sjøgang.

  • Ved Skjærbuda finn du gjestehavn for småbåtar. Ei trygg og lun gjestehamn som gjev deg ly for vind og sjøgang.

  • Den trygge og solide rutebåten «Øyglimt» som trafikkerar strekninga Silda-Måløy. Båten som aldri let seg stoppe av stormar. «Øyglimt» er rutebåten som går når ferjer vert innstilte og bruer stengde.

  • Den segnomsuste øya Selja er ei av naboøyane til Silda. Ein tur til det historiske klosteranlegget som vart bygd kring å 1100 er verdt eit besøk. Ein guida tur med «Klosterbåten» ar absolutt å anbefale.

Gjestehavn Nord

Gjesteplasser: 30
Havnedybde: Maksimum 5 meter.
Fasiliteter: Badeplass, dusj, ferskvann, kran/løft, lekeplass, strøm, toalett, tørketrommel, vaskemaskin, vinteråpent.

Havnekontakt: Hermann Silden
Telefon: 917 18 113

Kring 1990 vart det etablert ei gjestehamn for småbåtar på nordre hamn. Gjestehamna ligg tryggt og solrikt plassert like innanfor det gamle og verneverdige moloanlegget på Silda. Med tida har gjestehamna på Silda vorte utbygd og der er tilgang til både landstraum og ferskvatn. Hamna har djupne nok til at seglbåtar trygt kan fortøye der og lengda på brygga gjer at relativt store båtar får plass der. Dersom lengda på båten tilseier at den vert for stor for gjestehamna kan ein enkelt få seg plass på den store fiskerikaia som også ligg i nordre hamn.

I tilknyting til gjestehamn er der dusj og vaskemogelegheiter i grendehuset som ligg eit steinkast frå gjestehamna. Med båtplass i hamna har du eit supert utgangspunkt for nokre rolege dagar på Silda. betaling av døgnavgift for plass i gjestehamna skjer enkelt via Vipps.

Båten øyglimt

Øyglimt

«Øyglimt» har trafikkert strekninga Silda-Måløy i over 30 år og båten er sjølve livsnerven til dette øysamfunnet. Båten fraktar både passasjerar og last på ein trygg og sikker måte. Mannskapet er smilande og blide og dersom du treng båten til eit ekstraoppdrag så let det seg enkelt avtalast. Meir info om båt og rutetider finn du på denne lenka:

Passasjerer går ombord i klosterbåten

Klosterbåten

På vårparten og om sommaren er det organiserte og guida turar til Selja. Turen startar i vågen i Selje og vert utført av firmaet Fjordguiding Selje. Ein tur med båten deira MS «Selja» er ein flott tur i seg sjølv. Med ei flott innreiing, sitjegrupper med utsikt og sitjeplasser på flybridge vert turen til øya Selja eit lite cruise i seg sjølv. Sertifisert mannskap og sertifisert båt gjev trygge rammer for turen.

På sagaøya Selja kan du enten få høyre historia om klosteret og heilage sankt Sunniva av guiden, eller du kan gå dine eigne stiar og blant anna utforska grotta som ligg like ovanfor klosteranlegget. Grotta kor heilage sankt Sunniva gøymde seg når vikingane leita etter henne. 

Fjordguiding som er stasjonert i  Selje har ein flåte på 3 båtar. Fjordguiding Selje organiserer alt frå fisketurar til RIB-turar.

Les meir om Klosterbåten og Fjordguiding Selje her:

Selja Kloster, Klosterbåten Selje (fjordguidingselje.no)

Følg gjerne Fjordguiding Selje på facebook:

FjordGuiding Selje | Facebook

oversikt over klosterbåten som kjører med Selje i bakgrunn